Jubel hos LMI for tidenes storkontrakt!

Tidenes storkontrakt: - Ein månelanding innan vår industri.

Dette er største kontrakten me har fått nokonsinne, så det er verkeleg kjekt.

–Det seier dagleg leiar hjå Luster Mekaniske Industri (LMI), Geir Øren. Kontrakten er med OneSubsea på Ormen Lange-feltet der Shell er operatøransvarleg og sluttkunde.

Gladmelding

Dei tilsette feira med kake då dei fekk meldinga.

- Det vart stormande jubel, dei har vore heilt i skyene. Og det har dei grunn til. Me er stolte over det me får til. No ser me langt fram i tid. Dette er det største og mest prestisjefylte prosjektet for oss. Og teknologisk sett er dette ein månelanding innan vår industri, seier Øren.

Verdien av kontrakten i kroner er ikkje heilt klar enno.

Røyrsystem

Ormen Lange er det nest største gassfeltet i Noreg, og er på mellom 850 og 1100 meters havdjupne.

- Ingen andre norske felt produserer frå så djupe vatn, under så tøffe tilhøve og med så avansert utstyr, fortel Øren.

Feltet ligg 140 kilometer nordvest av Kristiansund. LMI skal levera røyrsystemet til eit Subsea våtgass-kompressorsystem, som skal hjelpa til med å auka trykket i brønnen, og dermed få opp meir gass.

Titusenvis av timar

Kontrakten svarar til kring 70.000 arbeidstimar for LMI i Gaupne, og prosjektet åleine vil sysselsetja det meste av arbeidsstokken i to år frå oppstarten.

- Dette viser at LMI leverer høg kvalitet, og er takka vere veldig dyktige og engasjerte medarbeidarar, skryt Øren.

Prosjektet skal starta hausten 2020, og skal vera ferdig levert i 2022. Kring 30 personar hjå LMI vil desse åra vera opptekne med dette prosjektet.

Fleire storprosjekt

Denne siste nye kontrakten er toppen av kaka for gjengen på Gaupnegrandane i Luster. Frå før har dei allereie eit stort prosjekt for Equinor i Nordsjøen på Vigdis- feltet, som skal ferdigstillast i januar neste år.

- Me har to andre store prosjekt for Chevron på gang. I november/desember skal me i gang med eit prosjekt som heiter Jack & St. Malo som skal til Mexicogolfen, og som skal leverast hausten 2020.

Det andre store prosjektet for Chevron heiter Anchor, og skal leverast i 2021.

- Så me har tre store prosjekt som går føre seg i tillegg til det me fekk no på Ormen Lange. Så me er i vinden, og det er flott.

Fulle ordrebøker

I tillegg kan Øren fortelja om fleire kjempestore tilbod på nye kontraktar som skal tildelast i løpet av 2020.

- Me i LMI har stor tru på at me kan verta tildelt nokre av desse også. Uansett har me nærmast fulle ordrebøker dei neste tre åra, og me ser veldig lyst på framtida innan subseamarknaden også utover desse tre åra.

Treng fleire folk

Øren har tidlegare fortalt at dei har vanskar med å skaffa nok folk. Desse nye ordrane aukar trykket på å skaffa seg kvalifisert arbeidskraft.

- Me ser utfordringar med å skaffa fleire fagarbeidarar på kort sikt. Me hadde fram til 2017 ein kjempegod avtale med Sogndal vidaregåande skule, der me hadde utplassering av elevar og dermed hadde god rekruttering til nye lærlingkontraktar. Etter at lina vart lagt ned, har det vorte vanskeleg å få tak i lærlingar som vil verta industrirøyrleggjarar og sveisarar.

Politisk utfordring

Han ynskjer å utfordra fylkespolitikarane på problemstillinga.

- Lærlingane frå skulen var tidlegare ein suksessfaktor for oss. Og eg utfordrar med dette både politikarar og skuleverk å ta tak i dette slik at lina kan starta opp att i Sogndal, seier Øren.

Kilde: Sogn Avis 05. november 2019

Foto: OneSubsea

Foto: OneSubsea

Ann-Kristin Buvik