Helse miljø og sikkerheit

Luster Mekaniske Industri AS har sett arbeidet med helse, miljø¸ og sikkerheit (HMS) i system. Gjennom eit aktivt HMS-system ynskjer Luster Mekaniske Industri AS å skapa vekst og varige verdiar, samt bidra med gode relasjoner til sine medarbeidere, kundar og samfunnet rundt seg.

Null-skade filosofien gjeld for alle Luster Mekaniske Industri AS sine aktivitetar. Me vil av den grunn i vårt daglege arbeid strebe etter å hindra einkvar form for ulukke og helseskade, samt skapa trivsel på arbeidsplassen. Dette oppnår me gjennom eit HMS-system der helse og sikkerheit blir planlagt på lik linje med service, teknologi og økonomi.


Kvalitetsstyring

Luster Mekaniske Industri AS har styringssystem for kvalitet og er sertifisert i henhold til krav i ISO 9001:2015 og
NS-EN ISO 3834-2:2005.
Luster Mekaniske Industri AS har eit dokumentert system som sikrar kvalitet i alle ledd på produkter og tenester i henhold til kundekrav og andre kriteriar.

Kontinuerleg forbetring, kommunikasjon, risiko, leiarskap, opplæring av personell, sporbarheit, vedlikehald av utstyr og fornøgde kundar er nokre av kriteriane Luster Mekaniske industri AS har i fokus i sitt daglege arbeid.


Miljø

Gjennom kontrollerte rutiner og kontinuerlig forbetring arbeider me med å oppnå løysingar slik at me set minst muleg miljø-fotavtrykk som følgje av vår drift. Luster Mekaniske Industri AS har eit mål om null rapporteringspliktige utslepp til jord, luft eller vatn.

Luster Mekaniske Industri AS har avtale med SIMAS næring om levering av avfall. Det er etablert system for kildesorteing av plast, våtorganisk avfall, restavfall og farleg avfall. Farleg avfall blir deklarert på www.avfallsdeklarering.no.